CD
Finnskogen Kulturverksted ved Ove Berg har gitt ut ei CD-plate med ei lang rekke glimt av tradisjonsmusikk frå Finnskogen. I alt er det med 50 melodiar, men i korte versjonar. Her er samla mange interessante opptak, bl.a. med Olav Skaslien, Ole Haagenrud, Johan Elsmo, William Rustad, Jon Østhaug, Kaspar Lysen, Herman Holtet, Nikolai Evensen og sjølvaste Carl Jularbo. Han spelar Livet i Finnskogarna, ein versjon som er henta frå eit amatøropptak i 1954. Opptaka omfattar både durspel og trekkspel. Fleire av spelemennene blir spesielt presentert i tekst og bilete. Dette er blitt ei verdfull samling der også nokre av musikkinnslaga er på munnspel
Kr. 161,-