Bok
For første gong er det skrive ei bok frå nyare tid om bygda Geiranger. Marit Mjelva Henden (71) frå Gloppen debuterer som forfattar med "Geiranger, Norway - Ei god historie". Gjennom engasjerande tekstar og eit rikt bildestoff får lesarane ta del i kvardagslivet i Geiranger og utviklinga av bygda i ein periode på om lag 50 år, frå 1899 til 1950. På mange vis var det i denne perioden "alt skjedde". Historia handlar m.a. om framveksten av turismen, etablering av kraftverk, omnsfabrikk og bilfabrikk, vegbygging og oppstarten av dei første bilrutene. Lesarane får vidare innsyn i hotellmiljøet og kvardagslivet på "Union". Nokre av dei som har bidrege med sine minner er sesongarbeidarar som kom frå bygde kring Geiranger, både frå Sunnmøre, Nordfjord og Oppland. I tillegg byr boka på møte med ei rekkje menneske og hendingar som var ein del av opppveksten til forfattaren.
Kr. 298,-