Svensk-norsk toppmønstring under Belgiaden i Geiranger

                                       Alf Hagedal
Dei svenske storspelararne Anders Larsson og Alf Hågedal blir å høyre under Belgiaden i Geiranger

Ørskog og omegn trekkspelklubb har sikra seg både svenske og norske toppaktørar til Belgiaden i Geiranger 4.-6. september. Frå Sverige kjem stjernespelarane Anders Larsson og Alf Hågedal som begge er blitt kåra til ”Årets dragspelar”.Belgiaden blir arrangert for 29. gong på Hotell Union.
I alt blir det i løpet av denne helga arrangert seks konsertar pluss dans både fredag og laurdag.

På lista over medverkande står ei lang rekke kjende namn som har hevda seg både i landstoppen og i vårt eige fylke.
Bl.a. kjem  songaren og trekkspelaren Odd Arne Halaas og durspelsmeisteren Vegard Hansen frå Nordmøre, begge CD-aktuelle.

Blant romsdalingane er Øystein Mjøs frå Tresfjord som siste åra har hevda seg både i Sverige og Norge
og frå Ørskog og Skodje får ein høyre Ingrid Johanne Fylling Nupen som kan vise til både gull og sølv i NM, og brørne Daniel og Miquel Falcon Græsdal som i år spelte til NM-sølv i Trøndelag.

Valldal Spelemannslag er med kvart år og utmerkar seg ikkje minst med si flotte dansetakt.
Frå Ørsta-området kjem Møregutta med Alf Vatne & co. Og gammaldans blir det med Reidar Opsals orkester.

Lars Håvik frå Austefjorden er ein av dei som tek seg av dei  jazzige trekkspeltonane og meir i same stil blir det med Ålesund Dixie og Ålesund Swingband.

- Vi satsar på å få til eit mest mulig variert program med mange stilartar, seier leiaren i arrangørklubben, Kjell Opsal.

 Ikkje minst er det grunn til å merke seg alle dei flinke aktørane vi har i eige distrikt,  klubborkester, toradarorkester og solistar og grupper og  riksnamn som Knut Ivar Bøe.

 Med i år blir også Knerten & co med Eddy Lyshaug. Han er ein av dei fremste på toradaren og har sett  saman ei humørskapande gruppe som seinast i sommar fekk det til å koke under belgspelet i Ransäter.

No satsar dei på å lage same stemninga i Geiranger.

Det blir konsert i Geiranger kyrkje midt på laurdag, elles blir alle arrangementa på Union.

-   Vi går inn i ein hektisk sesong med mange konsertar framover, men no først altså belgiade tre dagar til ende!

Arrangørane Ørskog og omegn trekkspelklubb:

 

Ørskog og Omegn Trekkspelklubb

Praktiske opplysningar Belgiaden 2009:

 Annonse Belgiaden i Geiranger 2009

Hotel Union på web.  Klikk her

Spørsmål ang. Belgiaden 2009 kan rettast til Reidar Opsal på tlf 92654500

PROGRAM:

 

KONSERTAR

Opningskonsert Fredag kl. 1800 v/resepsjon

Programleiarar: Knut Ivar Bøe og Reidar Opsal.

 

INTIMKONSERT

Fredag kl. 2200-2300 (i Buicken bak Geirangersalen)

”Sang og spel til trekkspel og gitar”

Odd Arne Halaas – Reidar Dahle – Ingrid Johanne Fylling Nupen –
Oda Kvalsvik Stenberg – Marius Berglund – Alf Hågedal – Anders Larsson/Henrik Larsson.

 

KYRKJEKONSERT

Laurdag kl. 1130 i Geiranger Kyrkje

Medv.: Oda Kvalsvik Stenberg – Øystein Mjøs/Inga Villa – Alf Hågedal
– Daniel og Miquel Falcon Græsdal – 

Ingrid Johanne Fylling Nupen
– Odd Arne Halaas og 

Reidar Dahle – Vegard Hansen.

 

FESTKONSERT

Laurdag kl. 1530 i Geirangersalen

1530: ØOT Klubborkesteret 

Amerikansk treskopolka – Gärdebylåten

Mary Strand m/Odd Arne Halaas

1545: Daniel og Miquel Falcon Græsdal

1555: Vegard Hansen

1600: Ingrid Johanne Fylling Nupen

1605: Ålesund Dixie

1615: Odd Arne Halaas

1625: Knut Ivar Bøe

1635: Øystein Mjøs

1640: Alf Hågedal

1650: Knerten & co

1700: Møregjengen m/Alf Vatne

1710: Marius Berglund

1715:   Anders Larsson

Programleiarar: Reidar Opsal og Kjell Opsal.

 

INTIMKONSERT

Laurdag kl. 2200-2300 (i Buicken bak Geirangersalen) 

Trekkspel på 2 og 5 rader

Vegard Hansen – Marius Berglund – Anders Larsson – Alf Hågedal – Øystein Mjøs – Knut Ivar Bøe – Daniel og Miquel Falcon Græsdal

 

AVSLUTNINGSKONSERT

Søndag kl. 1100 v/resepsjon

Programleiarar: Knut Ivar Bøe/Reidar Opsal

 

DANS

Dansespeling fredag:

2130: Ålesund Swingband/Dixie

2215: Møregjengen m/Alf Vatne

2245: Lars Håviks kvartett

2315: Ørskog og omegn trekkspelklubbs orkester

2345: Knerten & co.

0015: Anders Larsson

0100: Odd Arne Halaas & co.

 

Dansespeling laurdag Geirangersalen: 

2100: Ørskog og omegn toradarorkester

2145: Valldal Spelemannslag

2215: Møregjengen m/Alf Vatne

2255: Ålesund Dixie/Swingband

2340: Ørskog og omegns trekkspelorkester

0010: Anders Larsson

0055:  Knerten & co..

0135: Odd Arne Halaas

 

Dans Foaje laurdag:

2200: Ålesund Swingband/Dixie

2230: Lars Håvik

2305: Reidar Opsals

2335: Ørskog og omegn toradarorkester

0005: Valldal Spelemannslag

0035: Randi og Willy Rustad

0105: Alf Hågedal

 

Belgiadekomiteen:

Knut Ivar Bøe Tlf 91630275

Sissel Sollied (økonomi) Tlf 46449273

Reidar Opsal Tlf 92654500

 

Ørskog og omegn trekkspelklubb takkar vårt trufast

publikum samt Hotel Union og vertskapet Mjelva for 

at vi no opplever den 29. Belgiaden i Geiranger!

 

Arrangør: Ørskog og Omegn Trekkspelklubb - 6240 ØRSKOG

 


 


 

Handlekurv

Du har 0 varer i kurven


 SISTE SAKER:
- Art van Damme er død
- 40 år med Karlssons Musik
- Sven-Bertil Taube til Taube-spelen



Norildavisa nr. 4-2010
sendes ut ca 10. september 2010
Bestill abonnement på
post@norilds.no

Norilds på

YOUTUBE
Klikk her!

Norilds på:

 

  

 

 

www.norilds.no  NO - 6240 Ørskog
tlf: 70 27 36 00
fax:  70 27 36 09
e-post: post@norilds.no 



NYHETSBREV FRA NORILDS MUSIKK - Meld deg på her!

Navn:
E-post: